Åshild Nordal lagar tøffe tova tøfler og anna spanande tilbehør.

Tøffe tova tøfler og anna spanande

– Eg gler meg til å koma til Jul i Rosendal, seier Åshild Nordal som er ei av utstillarane som kjem til Jul i Rosendal.

Åshild lagar småplagg i alpakkaull, dei er mjuke og varme.

Med seg har ho mellom anna fargeglade tøfler som er strikka og tova. Dekoren er filta og dei er utstyrt med antiskli. Tøffe tøflar til å verta glad av.

Åshild lagar også anna tilbehør som luer, halsar, pulsvarmarar og vottar for å nemne noko. Desse er strikka i alpakkaull og er like gladlynte som tøflene.

Åshild kjem frå Austevoll, men bur i Os. Handverket sit i fingertuppane. Det er Åshild sine eigne nevar som har hatt med kvar tråd å gjera i alle produkta ho lagar. Vi gler oss med Åshild og sjåast på Jul i Rosendal.

No er det klart for julestemning i Rosendal

Tek vare på gamle handverktradisjonar

Sander lagar julegåver av kva det skal vera!

hovudsponsorar logo

 

 

Kontakt: post@julirosendal.no | tlf 970 67 136 | nettsider: salikat design