Foto: Bjarne Øymyr

Kor mange frivillige treng ein for å montera 25 salsboder? Rett svar er 35. Formidabel innsats i Skålafjøro tirsdag kveld...og nokon visste kor skapet skulle stå. (Foto: Bjarne Øymyr)

Omfattande "anleggsarbeid" i Skålafjøro

Det er ikkje liten innsats som skal til for å montera 25 boder. Søndag var det ein parkeringsplass. No er det ein anleggsplass. Torsdag vil julestemninga senka seg og over plassen - og så blir julatreet frå skogen i Omvikedalen tent!

  alt=
Dei flotte bodene er laga av skuleelevar frå KVV. Og alle delane passa saman!

Tidleg tirsdag kveld var Skålafjøro det reinaste kaos. Tusen bitar var strødd omkring. Men nokon hadde system i sakene - og dei hadde ein plan. Snart viste det seg at delane passa saman - og så reiste bodene seg - den eine etter den andre - heile 25 i talet. Her er det ingen slitne partytelt. Flotte boder i ekte tre vert ramma for ein triveleg marknadsplass!

Ei offisiell opptelling viste at 35 (skriver trettifem) menn og kvinner var til stades - i alle fall i kaffepausa med heimebakst og clementinar. Men vi trur dei fleste og var med på sjauinga. For det gjekk unna med stormskritt.

Med litt justeringsarbeid onsdag reknar vi med at alt skal vera på plass innan ordføraren kjem torsdag kl. 18!

No er det klart for julestemning i Rosendal

Tek vare på gamle handverktradisjonar

Sander lagar julegåver av kva det skal vera!

hovudsponsorar logo

 

 

Kontakt: post@julirosendal.no | tlf 970 67 136 | nettsider: salikat design