Borghild Skeie holdt inspirasjonskveld for lærarar og førskulelærarar i slutten av oktober. No får vi sjå resultatet av arbeidet på skulane og barnehagane. (Foto: Bjarne Øymyr)
Fleire hundre englar på utstilling!
No har nok ein dugnadsgjeng vore i sving. Denne gong med montering av engleutstilling!
Torsdag opnar engleutstillinga i Folgefonna Informasjonssenter på kaia i Rosendal. Fleire hundre englar i alle fargar, fasongar og materialer kan du sjå på utstillinga. Felles for englane er at dei er laga av ting ein gjerne har - eller har tenkt å kaste. Visste du at ein kunne lage englar av eit knust drivhus? Eller ei tom sjampo-flaske? Eller kva med ein gamal utslitt bærepose?
Fjorten skuleklassar og fire barnehagar i Rosendal, Seglem og Omvikedalen har overtydd oss om at det ikkje finst grenser. Fantasien er uendeleg. Engler kan lagast av kva det skal vera. Resultatet vart overveldande! Og ikkje minst spennvidda når det gjelder materialbruk og sluttresultat.
Ta med deg store og små og få ei "svevande" oppleving på informasjonssenteret.















