Foto:

Alle smykka til Gunnhild Dyrhol er laga av skår frå porselen eller steingods.

Knuste koppar til å smykka seg med

Ja, det høyres unekteleg litt underleg ut. Men sjå berre, dreg du ikkje kjensel på sekstitalskoppane frå Figgjo? Eller kva med servicet frå Egersund?

Foto:
Ein ring med mønster frå Figgjo.

Gunnhild Dyrhol har funne ein måte å gje gamalt porselen eit nytt liv. Ho lagar dei vakraste smykker med eit skarpt auge for detaljar og kva som er spanande og moderne. Smykkene er retro og ikkje retro, gjenbruk og samstundes heilt nye. Og alle er unika.

På bloggen sin takkar ho alle små born for koppane dei har knust. Og vi lurer litt på om vi ikkje bør låsa inn den frå tante Anna.

Gunnhild er særskilt glad i mønstra frå Egersund Fajanse, Figgjo og Porsgrunn Porselen, men og andre. Møt Gunnhild og smykka hennar på Jul i Rosendal 26.-28. november.

No er det klart for julestemning i Rosendal

Tek vare på gamle handverktradisjonar

Sander lagar julegåver av kva det skal vera!

hovudsponsorar logo

 

 

Kontakt: post@julirosendal.no | tlf 970 67 136 | nettsider: salikat design