Ida (14) lagar julekort som ho skal selja på Jul i Rosendal. (Foto: Bjarne Øymyr)
Dei flottaste julakort
Ida K. Hillesland er berre 14 men likevel ei særs produktiv ung jente. Alle døgerets frie timar (når ho ikkje spelar fotball) vert nytta til å laga kort i såkalla scrapbook teknikk. Og på Jul i Rosendal vil ho vera på plass i salsbod med eigne julekort. Ho satsar på tre forskjellige motiv som ho har laga spesiellt for Jul i Rosendal.
Scrapbooking er ein ganske ny teknikk. Ida fortel at teknikken fyrst vart nytta når ein ville laga særs forseggjorde og personlege fotoalbum eller liknande. No vert han nytta til kva som helst. Det har utvikla seg eit eige bloggmiljø på nettet med scrapbooking som tema. Ida har sjølv ein slik blogg som fortel meir om det ho lagar. Sjå http://idaskortblogg.blogspot.com
At teknikken ikkje er for kven som helst skjønar vi fort. Ein nyttar eit fantastisk utval av utstyr. Her er stempel – med stempelputar i alle fargar, penslar som inneheld akvarellmåling, rullar og klistreting og flotte papir og mykje mykje anna. Dette ser verkeleg morosamt ut.
Vi skjønar fort at det likevel ikkje er berre utstyret som tel, men korleis du nyttar det. Korleis du kombinerar fargar og element. Ikkje minst må du ha ein slags idé, om den no går på tema, fargar eller anna.
For uinnvigde kan det kanskje beskrivast som ein form for kollasj – ein limar gjerne fleire element oppå ein annan – målar og stemplar og klyppar og limar. Ikkje skjønar vi korleis ein klarar få det så flott – for nydeleg og profft ser det ut.
Ida kan du og møta på Rosendal Turisthotellet 7. november. Då vil ho halda kurs for born i å laga kort. Meld deg på då vel!















