Bilde av engel - Foto: Bjarne Øymyr

Den gode gamle julestemninga!

No kjem den gode gamle jula attende til Rosendal, med juleverkstad, juleforteljinger, musikk − og julemarknad der ein kan finne gåver laga med varme og omtanke... ”Jul i Rosendal” er eit resultat av at vi ynskjer å ta jula attende og gje små og store ei god oppleving med vekt på gamle juletradisjonar.

Torsdag 26.- fredag 27.- og laurdag 28. november vert det "Jul i Rosendal" - ein heilt ny juletradisjon.

Ein fin og solrik dag i sommar møttes nokre kreative damer på kafé. Etter som praten gjekk viste det seg at dei alle hadde tenkt på at Rosendal mangla eit skikkeleg julearrangement. Dei bestemte seg for at det var noko dei måtte gjera noko med og arbeidet med å få andre til å tenna på ideen starta. Responsen blant folk var overveldane.

I dag består organisasjonen ”Jul i Rosendal” av ei styringsgruppe med Turid Hillesland, Asbjørn Soltveit, Margreta Hus Ripel, Marianne Hovda Gausvik og Linda Øen. I tillegg jobbar rundt 30 frivillige i ulike undergrupper med marknadsføring, økonomi, program, boder, dekorering, reiseliv m.m

Tenk deg at du kjem til Rosendal og sjekkar inn på ein av dei framifrå overnattingsstadene våre. Etter ein god middag kler du deg godt og ruslar rundt i bygda vår. Himmelske lukter av heimebakst, krydder og bål lokkar deg. Du høyrer glade stemmer, liv og leven frå marknadsplassen og du går inn. Her er det boder med delikatesser som lokalprodusert pinnekjøtt, pølser i alle variantar, eldhusrøykt bacon, fiskeprodukt. Augene vandrar vidare til lefser, julekaker og anna god heimebakst. Deilig heimelaga sjokolade vil vera vanskeleg å gå forbi.

Vidare vil du finna eit rikt utval av husflid som strikk, englar, treprodukt, keramikk, tekstil, smykker og julepynt. Gartneriet har flytta ut alt som kan vera ute på denne tida så her får du inspirasjon og ferdige produkt både til advent og jul. boder med produkt av barn og unge finn du og. Her vil vera noko til både mor, far, born, bestemor og bestefar

Saman med borna dine går du inn og høyrer på juleeventyr, fortalt av framifrå lokale historieforteljarar eller kanskje borna dine heller vil nyta ei koseleg stund i vårt juleverkstad for born med lysstøyping, spikking eller andre aktivitetar.

Dei som besøkjer Rosendal og arrangementet ”Jul i Rosendal” skal få oppleva å få eit pusterom i ei travel førjulstid. Her skal det vere rom for å ta seg tid til å nyta, oppleva og gle seg over dei små tinga. Å setja seg ned med ein kopp med god varm kakao, høyra på juleforteljingar, delta på juleverkstad og kjøpa heimelaga julegåver er bare noko av det vi kan by på.

Her vil verta ein flott marknadsplass med rikt utval av husflidsprodukt, lokalprodusert mat, bornas marknad og mykje anna. I tillegg vert det aktivitetar som juleverkstad, eventyrkrok, moglegheit for å laga eigen adventskrans, hesteskyss, song og musikkinnslag samt konsert. Her er mykje å gle seg til. Jul i Rosendal skal verta ein tradisjon du gler deg til å komma tilbake til.

For meir informasjon ta kontakt med
pressekontakt Linda Øen tlf. 97 06 71 36 eller post@julirosendal.no

No er det klart for julestemning i Rosendal

Tek vare på gamle handverktradisjonar

Sander lagar julegåver av kva det skal vera!

hovudsponsorar logo

 

 

Kontakt: post@julirosendal.no | tlf 970 67 136 | nettsider: salikat design