stemning_534ds23791_534stemning2_534julemarknad_534ds23906_534fuglekassesnikring_534ds23882_534stemning4_534kjellmusland_ds29162_534stemning3_534brodnisser_534nisser2_534mjelkekake_534

Jul i Rosendal

No er det jul igjen…

Nytt i år er at marknaden varer i heile tre dagar, fredag 2. desember kl 13-18laurdag 3. desember kl 11-16 og sundag 4. desember kl 12-16.

God gamaldags julastemning med lukta av varme smultringar, kakao og nysteikte mjelkekaker. Ta med deg ungar og tanter, bestemor og bestefar. Her vil foregå mykje spanande ikkje minst for barna. Meir om programmet kan du lesa på programsida. Denne vert heile tida oppdatert.

På marknaden kan du få kjøpt tøffe tova tøfler og anna handlaga av ny og gamal sort. Kortreist pinnakjøt, hjortapølse, julekaker og anna etande. Her kjem utstillarar frå Haugesund til Voss. Sjå utstillarsida for oversyn over utstillarar.

Hjarteutstilling

Kvart år er det ungar frå barneskular og barnehagar frå bygdene omkring som står for den mest spanande og ikkje minst mest besøkte utstillinga under Jul i Rosendal. Slik vert det heilt sikkert i år og. Temaet denne gong er hjarter. Noko også nokre av dei vaksne utstillarane har lete seg inspirera av.
Men hjarteutstillinga er ikkje den einaste. Du vil finna kjoledesignutstilling saman med måleri, i tillegg kjem utstilling på Skipsbyggjarmuseet og juleutstillingane til dei to faste galleria i bygda. Vel verdt å få med seg.

Marknadskafe

Og når du vil kvila deg litt, står bygde­kvinnelaget klar med julagraut og andre godsaker på marknadskafeen i kantina på Skaaluren. Velkomen skal du vera