DSC_5544 2

Julekuler er årets tema 2017

Julekulene var opphaveleg brukt som pynt på juletrèet. Dei første julekulene var laga av glas. Kulene symboliserte jordkloden og det skjøre materialet kula var laga av viste at vi måtte handtere jorda varsamt så ho ikkje vart øydelagt.

I dag er kulefasongen nytta som julepynt på mange måtar. Både på treet og som pynt i vindauge på bordet, i dekorasjonar eller i hagen. Materialet er ofte, men ikkje alltid, skjørt. Ei julekule kan til dømes vera laga av tøy, papir, garn, pinnar, glas, is eller ull. Ho kan pynte over alt og kan til og med lagast av sjokolade eller vera ei pynta appelsin som kan etast.

Symbolverdien til julekula er i 2017 kan hende gløymt litt, men han er eigentleg meir aktuell enn nokon gong.

Årets tema for Jul i Rosendal er julekuler og vi gler oss over at små og store skal nytte litt ekstra tid til å tenke på jorda vår og ta fram den opphavelege symbolverdien til julekula når vi steller til utstilling, lagar julepynt og inviterer til julemarknad.