DSC_5606

Lag deg ei kule av is.

Det er ikkje sikkert at været vert så kaldt at det går an å lage iskule ute, men det er det enklaste. Om ikkje utetemperaturen er med oss kan vi likevel lage pynt av is som vil vare nokre timar i alle fall.

DSC_5562

Fyll ein ballong med kaldt vatn og knyt igjen. Pass på at det ikkje er luft mellom ballong og vatn.

Set ballongen i ei skål i fryseboksen. Eller ute om det er minusgrader. Du vel ballong og skål etter den fasongen du vil ha på kula til slutt.

Etter 8 timar på -22 grader i frysaren er isen passe tjukk og du kan få deg ei hul kule der du kan setje lys inni eller bak slik at ho lyser fint. Lar du ballongen med vatn stå lenger vert isen tjukkare. Over natta så har du ei massiv iskule som og kan vera fint.

Ta den frosne ballongen ut av frysaren, fjern ballongen og lag forsiktig eit hol der vatnet kan renne ut. Det er lurt å ha holet i botnen av kula.

Dersom du vil ha lys i, lagar du større hol ved å varme til dømes ein smørekniv under varmt vatn og smelte holet større med det varme knivbladet. Bruk tid så ikkje isen sprekk.

DSC_5594

 

Fleire kuler på ulike måtar er stilig. Sprekker er ganske dekorative.