Brunost og julabrød smakar fortreffeleg seier nissene i Rosendal

Nokre av nissane som planlegg årets Jul i Rosendal. Frå venstre Gunn Marit Flatland (frivillige), Marian Thunold (utstillarar) og Malena Skaale (bloggar).

Julabrød til dugnadsfolket

Nam nam, nysteikt julabrød…

Marianne sine nysteikte julabrød luktar godt.

Sjefsnissen, er i full gong med julabrødbaksten. Denne gong er det nissane som planlegg årets Jul i Rosendal som får nyta godt av baksten. Og at det vert sett pris på er ingen tvil. No går det unna så papira fyk, sjølv om det ikkje ser heilt slik ut på biletet. Sjølv Rosendalsnissar må ha pausar veit du, men dei kan fortelja at alt er på stell. Programmet er i boks. Og det vert i god Jul i Rosendal-tradisjon. Eventyrforteljing, fuglekassesnekring, juleverkstad i Kunstverkstaden, song og musikk, og jamvel nokre overraskingar som dei vil halda for seg sjølv enno ei stund.

Vi gler oss med nissane og vil du smaka på Marianne sitt julabrød, kan du enten melda deg som frivillig. Dei treng fleire til både dette og hint. Eller du kan setja i gong og baka sjølv. Marianne byr på oppskrifta.

Sjå oppskrifta her

Åslaug Snilstveit (2.november 2011)