Her har vi julatre-sjefen Mette Friheim saman med alle gode hjelparar. Anders Albretson, Emma Øen Klette, Andreas Hansen, Magnus Opedal Hass, Mette Friheim Framme frå Venstre: Synne Helleland, Eline Albretson. Bak ser vi litt av julatreet. (Foto: Mette Friheim)
Juletreet er sikra!
Jul i Rosendal må sjølvsagt ha sitt eige juletre - ei stor gran som vil bli tent med ljos i Skålafjøro torsdag 26 når ordføraren opnar Jul i Rosendal klokka 18.
Laurdag deisa grana i bakken. Mette Friheim som er ansvarleg for juletreet og resten av dekorasjonane i Rosendal fekk med seg ein gjeng med ungar og pølser og øks og kva anna ein no treng for å fella julatre. Her er Mette sin rapport:
Vi gjekk ein tur i skogen...
For vi skulle finna eit stort julatre. Mannsterke tok vi turen til Eivind Tvedt sin skog... og der var det! Det finaste og størsta vi hadde sitt.
Med oss på turen var Steinar Albrektson og han hadde turr ved, så var Gunnar Helleland med og han hadde øks. Vi andre hadde kjempe godsaker som pølsa, pepperkaker, clementiner og kakao... Dette vart ein kjempefin føremiddagstur for store og små.
Når treet var lokalisert og godkjent av ungane måtte vi ha ein rast før treet skulle fellast. Der blei og tid til å sjå etter hjort - "eg såg nåken horn inni skogen" sa ein som var klar for jakt. Ein annan "såg" ei raud hue og dermed blei det jakting etter nissen. God prat og god fyr i bålet.
Så var vi mette og gode og det var tid for felling av treet. Gunnar hogde og vi andre var spente tilskodarar. Treet gjekk i bakken til full applaus. No ligg det i skogen og ventar på å bli kjøyrt inn til Rosendal og tenning på torsdag. Vi gler oss.
NB! Grana vert tent torsdag 26.11 kl. 18 - når Ordføraren opnar Jul i Rosendal. Vel møtt!















