Julekonsert med Helene Bøksle
Fredag 2 desember kl 19 blir det konsert med Helene Bøksle i Rosendal.
Ho er ei av dei store songstjernene innan moderne tradisjonell musikk. Debuterte i 2006 med plata Elverhøy som vart nominert til Spellmannspris. I 2009 kom plata Morild og same år juleplata Det hev ei rose sprunge. Helene Bøksle er ein erfaren og dyktig live artist som har trollbunde det norske folk med si vakre stemme. Ho deltok og i den Norske Melodi Grand Prix 2011 med låten Vardlokk. Vi gler oss over at ho vil halde julekonsert i Kvinnherad Kyrkje under Jul i Rosendal! Billettar i sal frå mandag 12. september hjå Rosendal Sko, samt på billettservice no. Billettpris 350.-.
Presseansvarleg Jul i Rosendal
Marianne Hovda Gausvik

