Knut Skåla vil ha med seg både kiper, sagemannar og tiner til marknaden. (Foto: Bjarne Øymyr)
Held gamle handtverktradisjonar i hevd
- Eg er opptatt av å ta vare på dei gamle handverktradisjonane, seier Knut Skåla, og viser oss inn på låven der vi får sjå ein del av det han vil ha for sal på Jul i Rosendal.
Knut Skåla ligg ikkje på latsida. Anten det er Vangssago, arbeid for Kystlaget eller andre restaureringsprosjekt. Med lærerbakgrunn har han vore oppteken av handverket – og å bringa det vidare. Mykje av arbeidet er tidkrevjande - og tid er ikkje det folk har mest av i våre dagar.
– Sagemennene kjem opprinneleg frå Brækhus i Eksingedalen. Dei har vore produsert i alle fall i 100 år, fortel Monsa-Knuten. På rekke og rad står meir eller mindre ferdige sagemenn – og når ein gjer dei ein dytt vert det liv og røre. Vi skjønar at dette burde vore festa til levande film.
– Sveip har røter langt attende – ein skal ha gjort funn av sveip i samband med Osebergskipet. Sveip vert teknikken kalla når ein bøyer eit steama tynt bord rundt ei oval eller rund tremal for å laga ei tine. Så syr ein saman med kjedesting av bjørketeger (røter). Og om ein vil kan ein forsyne tina med lok.
- Eg har halde kipekurs på austlandet, fortel Knut Skåla. Det er ganske tidkrevjande å laga kipane. Ein fletter med brakje. Først kløyver ein opp greinene i fire. Så smir ein dei flate og mjuke. Sjølve flettinga tek mindre tid.
Då går det mykje raskare å laga korger med «spon». Arbeidet fører ein og her ut i skogen. – Ein nyttar furu, ekstra kjekt er det om ein finn gode emner, seier Knut'en og syner oss spon med flott spel heilt utan kvae. Det krevst trening for å finna rett emne. For å laga spon nyttar ein spesialhøvel. – Det er ein enkel sak å laga slike korger, og det går fort unna om ein har litt trening, meiner Monsa-Knuten.
På Jul i Rosendal vil Knut heilt sikkert syna korleis ein arbeidar. Så vil du lære meir er det berre å spørje.















