Bruk blomestreng eller anna tynn streng. Pynt med perler eller kva du vil. Resultatet vert ei flott stjerne du kan ha på treet eller henga i vindauget.

Bruk blomestreng eller anna tynn streng. Pynt med perler eller kva du vil. Resultatet vert ei flott stjerne du kan ha på treet eller henga i vindauget.

Lag ei stjerne

Stjerner blenkjer høgt til vers. Mønsterarket inneheld to stjerner. Det er berre å setja i gong.

Mønsterarket inneheld to stjerner.

Mønsterarket inneheld to stjerner.

Enklaste sak i verda å laga desse søte stjernene. Åse Dommersnes har laga dei og vi gjer henne etter. Alt du treng er mønsteret som du kan lasta ned. Ei tang, noko blomastreng eller sølvfarga streng, samt perlar, knappar, fjør eller kva du vil pynta med. Her er det berre å bruka fantasien.

Slik gjer du: Last ned mønsteret her

Skriv ut mønsteret på eit A4 papir. Den første stjerna på mønsteret kan du klyppa ut i papp. Då får du ein fin mal som det er lett å benda strengen etter. Så er det berre å setja i gang. Og ikkje ver redd for å skjøyta, det kan vera dekorativt i seg sjølv.

Lukke til!

Takk til Åse Dommersnes som har laga alle stjernene og mønsteret.