Teikn engelen over på eit akvarellpapir, eller klypp ho ut i filt… lag ho kjempediger – eller med silkehår… fyll ho med bomull… lim på band… perler – fjør – garn –nett slik du sjølv vil. Last ned mønsteret her
Lag ein engel!
Englar svevar høgt eller dei kan dingla heilt fritt.
Har du lyst kan du laga engelen du ser her. Vi har teikna ho i to utgåver og laga mønster som du kan lasta ned. Korleis du vil engelen skal sjå ut vidare må du sjølv bestemma. Her kan du nytta alle dei materialer som finst. Teikn ho over på eit akvarellpapir, eller klypp ho ut i filt… lag ho kjempediger – eller med silkehår… fyll ho med bomull… lim på band… perler – fjør – garn –nett slik du sjølv vil
Slik gjer du
Last ned mønsteret her. Print ut mønsteret på eit A4 papir. No kan du anten føra mønsteret vidare over på eit tykkare papir ved å nytta ljosbord – vindauge eller liknande – eller du kan klippa ut mønsteret og teikna rundt. Snur du arket/mønsteret speglvendt kan du laga ein tosidig engel. Då limer du to englar mot einannan, med tråd i mellom til oppheng.
Lukke til – vi vil publisera bilete av ferdige englar om du sender dei til redaksjonen post@julirosendal.no















