Måleri og klesdesign i Turistinformasjonen
Måleri og kjoledesign i Turistinformasjonen
Utstilling av Nina Skåtveit(kjoledesign) og Anne Lise Skogen (måleri) i første høgda av turistinformasjonen under Jul i Rosendal.

Nina Stråtveit kreerar kjolar for mellom anna Helene Bøksle
Dei svevande kjolane og bileta kler ein annan godt. Strukturen i stoffa Nina nyttar i kreasjonane sine er i slekt med strukturen i Anne Lise sine måleri. Dei henter begge inspirasjon frå dei same kjeldene. Kan hende det har gjeve seg utslag i den raude tråden frå måleria til dei spesielle kreasjonane. Endå meir spanande vert det når Nina Stråtveit lagar kjolar til Helene Bøksle som skal ha konsert på fredagen under Jul i Rosendal. Kjolane er styla med smykker laga av Reidun Breistig.
Nina og Anne Lise vart kjent på kunstskulen i Stavanger og det er eit etterlengta samarbeid som no vert presentert. Kunstnerane har allereie planar om nye samarbeidsprosjekt.

