Kjell Musland stiller ut morosame trefigurar i Skipsbyggjarmuseet, sjå og postkortutstillinga til Aud Karin Løvfall
Utstilling av trefigurar i Skipsbyggjarmuseet
På Skipsbyggjarmuseet kan du helsa på trefolka til Kjell Musland under Jul i Rosendal. Her er nissar og hestar og andre merkelege figurar. Her er karikaturar og fantasifigurar om ein annan. Kjell er vidan kjent for sine spikkekunstar. Det er helst morosame skapningar som finn vegen fram mellom fingrane hans. Jul i Rosendal og Skipsbyggjarmuseet ser det som eit skoop at Kjell Musland no stiller ut figurane sine her. Og som han seier det sjølv – Dei sklei rett inn. No får vi alle ein sjangs til å sjå fleire av figurane samla, så kan vi spekulera i kvar inspirasjonen kjem ifrå.
I den gamle butikken finn du utstilling av postkort som Aud Karin Løvfall har samla gjennom fleire år. Postkorta har motiv ifrå Rosendal, Kvinnherad og Hardanger. Aldri har du sett slike flotte musklar som på turnerane frå Rosendal.
Skipsbyggjarmuseet stiller med Ope hus og gratis inngang under Jul i Rosendal. Det vil verta sal av kandisukker og bygdebøker, samt boka Ei soge om treskipsbygging.

