Toralf Malmanger prøver å utforme produkta i samspel med treet si naturlige form.
Vaksen debutant på Jul i Rosendal
I verkstaden sin på Malmanger tryllar Toralf Malmanger fram dei vakraste gjenstandar i tre.
- Det var etter at eg pensjonerte meg, at eg begynte med trearbeid. Eg har alltid likt å jobbe med hendene mine og med tre, forteller Toralf.
Tekst: Malena Skaale | Foto: Wenche Vetlækre
Den tidlegare ferjemaskinisten er fødd og oppvaksen i Rosendal, men i år er likevel første gongen han stiller ut produkta sine på Jul i Rosendal. Vi står i verkstaden hans, her er det varmt og luktar godt av trevirke. Toralf viser oss dreiebenken, verktøy og hylla der grovdreide treprodukt ligg til tørk.

Toralf Malmanger frå Rosendal i verkstaden sin.
- Eg dreier bollar, skåler, vasar og andre bruks- og pynteting i tre og likar godt å utforske materialet i dei ulike tretypane. Samspel mellom treet si naturlege form og kva eg kan tilføre det er det som gjer arbeid med tre så spanande for meg. Det meste kan brukast til noko. Noko til pynt, noko til vasar.
Det er ikkje eit arbeid for utålmodige han driv med. Først må det grovdreiast, så må det liggje til tørk eit heilt år.
- Tørkinga er ein viktig del av prosessen, fortel han. Om det ikkje vert tørka skikkeleg, kan det slå seg og endre form.
- Etter at det har tørka eit års tid, byrjar finarbeidet. Då arbeider Toralf med å få fram struktur, mønster og fargar i treet.

Toralf jobbar fram det vakre i treet.
Kan du fortelje oss litt om kva du tykkjer det er som gjer trearbeida dine unike?
- Det er jo det at eg prøver å utforme produkta i samspel med treet si naturlige form. Eg jobbar med ulike tretypar og gjerne med halv-rote tre. Halv-rote tre gjev spanande og unike produkt fortel Toralf.
I verkstaden sin har Toralf investert i ein lakkpistol. Den brukar han til å eksperimentere på trearbeida han lagar.
- Nokon av tinga prøver eg å setje fargar på. Eg brukar sprøytepistol i staden for malarkost. Sprøytelakkering gjev meir spel i fargar og nyansar og gjer det lettere å få til eit samspel med treets naturlege uttrykk. Eg brukar beis og lakk. Noko polerer eg, og enkelte ting har eg bare olja.
Natur og treprodukt som dei vakre tinga Toralf lagar, kjem meir og meir inn i interiørbildet i dag.
- Desse produkta er vedig inn i tida. Føl du med på interiør og mote, og tilpassar produkta dine etter trendar?
- Mote?! Ler Toralf. Nei! Eg lagar ikkje mote. Eg prøver vel å laga da eg synes er fint. Eg lagar ting sånn som eg lika da sjølv. Det er ikkje alt eg blir lika fornøyd med, av og til blir da bra. Resultatet er heilt avhenging av trevirket og kva tre det er.
- Årets tema for Jul i Rosendal er Hjerte, har dette gitt inspirasjon til nokon av produkta du stiller ut i år?
- Nei, på grunn av tørketida så har ikkje det vore tema dåeg starta å lage desse treprodukta. Då visste eg ikkje eingong at eg skulle delta på Jul i Rosendal. Men det eg kan sei er at dei er laga med hjarta, seier Toralf med eit lurt smil.
Sjølv om han ikkje har delteke på «Jul i Rosendal» før, er han ikke ukjent med julemesser, og han syns det er morro å stille ut.
- Eg reknar med at Jul i Rosendal og blir ei kjekk oppleving, seier han.
Tanken bak Jul i Rosendal er at me ynskjer å ta jula attende. Me vil gje små og store ei god oppleving med vekt på gamle juletradisjonar. Vi lurer på kva Toralf tenkjer på når han høyrer ordet «juleminne».
- Vel det er vel tradisjonar. Då eg var liten var det ikkje mykje forandring. I mine yngre dagar jobba eg som maskinist i utanriksfart og har difor feira jul under mange ulike himmelstrok. Det har vore mange ulike erfaringar med julefeiring på skip. Frå barndommen hugsar eg tradisjonane frå år til år, det var ikkje mykje som endra seg og vi åt lutafisk på julafto.
Vi tykkjer Toralf sine produkt er fantastisk flotte, og vi er imponert over kor mykje tid og arbeid som ligg bak kvart treprodukt. Sjølv om Toralf ikkje er heilt medviten om det, er treprodukta hans ein sterk trend innan interiør i dag!
Om du er ein av dei som besøker Jul i Rosendal, bør du ta turen innom bua til Toralf. Her vil du finne unike treprodukter laga frå hjarte. Du kan være heilt sikker på at du er den einaste som har akkurat den vasen, fatet eller bollen.

