Postkortutstilling med motiv frå Rosendal, resten av Kvinnherad og Hardanger. Her turnerar frå Rosendal anno gamle dagar
Postkortutstilling på Skipsbyggjarmuseet
I den gamle butikken i Skipsbyggjarmuseet finn du utstilling av postkort som Aud Karin Løvfall har samla gjennom fleire år. Postkorta har motiv ifrå Rosendal, resten av Kvinnherad og Hardanger. Aldri har du sett slike flotte musklar som på turnerane frå Rosendal. At turnerar skulle vera motiv på postkort synes vi kan hende er litt merkeleg i dag, men den gongen var det originale foto som vart nytta. Når du bestellte kopier av bileta fekk du gjerne og laga postkortvariantar som du kunne senda til slekt og vener og mange gjekk til Amerika. Her finn Aud Karin dei gjerne på auksjonar. Kom og sjå korleis Skåla såg ut opp gjennom åra, eller korleis kvinnhersdrakta vart handkolorert på postkort
På Skipsbyggjarmuseet kan du også sjå utstillinga av morosame trefigurar laga av Kjell Musland.
Skipsbyggjarmuseet stiller med Ope hus og gratis inngang under Jul i Rosendal. Det vil verta sal av kandisukker og bygdebøker, samt boka Ei soge om treskipsbygging.

