votten_534

Rosendalsvotten

Alle bygder med respekt for seg sjølv må ha ein eigen vott. Ikkje minst ei kulturbygd som Rosendal. Vi er stolte over Rosendalsvotten. Den har fått eit moderne utrykk, men vi kjenner oss likevel att i formspråket. Vi er strålande fornøyde.

Idéen bak votten var å skapa ein moderne «selbuvott», som symbol på dei ressursane Rosendal og bygdene omkring har når det gjeld kusthandverk og handverk. I dag er ikkje motivet å tena til livets opphald, men å ta tilbake det å skapa noko med eigne hender. Samstundes vonar vi at Rosendalsvotten kan vera ein faneberar for kulturbygda Rosendal.

Rosendal har mange dugande handverkarar. Gunn Kleppe, som har designa Rosendalsvotten, er er ein av desse. Ho har strikk som spesialfelt. Gunn lot seg inspirera av Kvinnhersdrakta og av Rosendal. Kanten på linninga er i fargar og mønster henta frå drakta, medan rosa er brodert i den spesielle lilla fargekombinasjonen som er Kvinnherad sin eigen.

Meininga er at flest mogleg skal kunna strikka votten sjølv. Gunn har utarbeida mønster og laga i stand ei strikkepakke. Strikkepakka kan du få hos Gunn i Rosenform på Vang i Rosendal og under Jul i Rosendal.