Sander (13) lagar julegåver av kva det skal vera - rekved, gamle vindauge, plankar... (Foto: Bjarne Øymyr)
Julegåver kan lagast av alt!
Sander Hus Ripel (13 år) er godt i gang med sin eigen juleverkstad. Han lagar alt frå dompappar og juledekorasjonar til speglar og øskjer av rekved som han skal selja i eigen bod på julemarknaden.
– Det starta allereie i sommar då pappa og eg var på tur inni Blådalen, fortel Sander. – Innmed vatnet som var kraftig nedtappa fann vi ein masse rekved. Og rekved er bra materiale til juledekorasjonar. Sander viser oss flott snikra juledekorasjonar av rekved som enno ikkje har fått på pynten, men det kjem. Han rekner med å ha alt på plass i god tid før Jul i Rosendal startar. Ja det er visst ingen problem for vi ser stablar med kassar han har snikra allereie - både av nyare material og av rekved.
– Dei kan nyttast til alt mulig. Til å ha syltetøyglas i, saftflasker, kva som helst… Han held fram ei øskje som har fått flott lokk. – Denne kan ein fylla opp med god julamat eller anna kjekt, binda rundt ei raud sløyfa og gje vekk til jul, seier Sander. Vi skjønar at det ikkje er fyrste gongen Sander har vore Julekremmar. – Eine året snauklypte han tujahekken for å laga julakransar, fortel faren. I fjor gjekk det heldigvis mest i kristorn.
Vi vert med Sander ut i garasjen kor han syner oss det siste prosjektet som er gamle glasråmer. Han tek ut dei gamle øydelagte glasa, skrapar råmene reine. Så skjer han ut speglglas som han monterer i dei gamle råmene. – Det er dei mest loslitte glasråmene som er finast, fortel han. Dei har han funne på røyso, ja og noken har visst faren kome med.
I boden til Sander under Jul i Rosendal vil du og finna morfar, Johannes Hus. Han står for dei fint måla dompappane. Dei er ein gamal tradisjon i familien Hus. Mormor er også med. Ho strikkar deilige sokkar i rein ull. Ein flott presang til kalde føter. Vi gler oss til Jul i Rosendal.















