Tilbake til Verven
Som lita jente kjøpte Borghild kakemenn og Julebrød på Bakeriet nede på Verven. I dag bur Borghild i Haugesund der symaskina hennar summar av garde jamnt og trutt.
Tekst Malena Skaale | Foto: Julie Hillesland
− Eg har sydd med symaskin heilt sidan eg var stor nok til å sveive hjulet på maskina til mor, fortel Borghild meg over telefonen.
Det er ein kveld midt i veka. Ute er det mørkt. Eg har laga meg ein stor kopp te og fyrt i ovnen. I min ende av telefonen sit eg og gler meg til å få vite meir om Borghild og kva ho skal ta med seg til Jul i Rosendal.

-Eg er stadig innom Fretex og andre bruktbutikkar. Der finne eg gamle broderi, stoff og krimpelin, seier Borghild Skeie.
-Eg er født i Rosendal. Då eg var eitt år flytta vi til Skeie der far overtok garden. Besteforeldra mine eigde og dreiv Skaaluren verft på Verven.
Borghild hugsar godt tida frå barndommen. Ho var mykje på Verven i Rosendal sentrum. Ho kan så vidt hugse kafeen som låg der frisørsalongen er i dag.
-På Kaffistova hadde eg sommarjobb hos tante Margrethe. Det var ho som dreiv kafeen.
Jul i Rosendal vert for tredje året arrangert på Verven, som er det gamle skipsverfts- og handelsområdet i Rosendal. Her la båtane frå fjern og nær til kai. Hamna i Rosendal var ein travel stad.
- Det var mykje liv og røre på Verven då eg vaks opp. Sidan besteforeldra mine dreiv verftet, fekk vi alltid vera med når det var stabelavløp. Det var fest, mykje folk og stor stas å få vera med når dei nye båtane vart slept på sjøen for første gong.
Med stor iver fortel Borghild kor kjekt ho synes at det igjen er liv og røre på Verven. Det å skulle delta på Julemarknaden i Rosendal vekkjer til live mange gode minne hos Borghild.

Noko av alt det spanande som Borghild lagar
-Eg tykkjer det er fantastisk at bygda er med på dugnad for å lage Julemarknad. Det er så flott at det er aktivitet på vinteren! Rosendal er jo ei sommarbygd, men no får jo bygda ein oppsving på vinteren og.
Som nevnt tidlegare har Borghild sydd sidan ho var gamal nok til å rekke opp til sveiva på mora si symaskin. På den symaskin sydde ho dokkekler. Etter kvart har det vorte ein del figurar av forskjellig slag. Ein periode sydde ho hekser. Dei siste åra har det stort sett gått i svevande vesen, for no er det englar ho har lagt sin elsk på. Det som skil Borghild sine englar og figurar, er at alt er laga av resirkulert materiale.
-Eg er stadig innom Fretex og andre bruktbutikkar. Der finne eg gamle broderi, stoff og krimpelin. Når eg er på utlandsreiser likar eg å vandre rundt i bakgatene og finn ofte mykje spanande stoff eg kan bruke når eg syr.
Årets tema for Jul i Rosendal er Hjerte, har dette gitt inspirasjon til nokon av produkta du stiller ut i år?
- Hjerte er eit takknemleg tema. Eg føler jo at eg kjem heim no som eg skal delta på Jul i Rosendal. Alle mine englar, puter og andre ting har fått hjerte på seg den siste tida. Eg har og sydd ein del krympehjerte og gler meg til å sjå om tinga eg har lage den siste tida fell i smak.
Tanken bak Jul i Rosendal er at me ynskjer å ta jula attende. Me vil gje små og store ei god oppleving med vekt på gamle juletradisjonar. Kva tenkjer du på når eg seier «Juleminner»?
- I min alder er det utruleg mange minne som kjem. Det som sit aller mest igjen frå barndommen min er lukt. Då eg var lita var det så mange ting vi berre fekk til jul. Appelsiner fekk ein kun i desember, julematen blei laga heime på garden. Det lukta slakt, krydder og bakst. Luktene er det som absolutt sit igjen som sterke juleminner frå då eg var lita jente.

